Sites

laurdag, desember 05, 2009

I <3 A. Wolf

Eg har alltid ynskt meg ei hytte i tredet.






I deisse dagar ynskjer eg det meir og meir.
Eller ein lysning. 
Generelt dreg vinteren med seg ein solid lengt mot fjell med tørt berg og fossar med høg lyd og tre med lys gjennom blada og slikt som berre er slik av eigen natur og ikkje fordi nokon har pynta det med dei helsikes telysa.






Frank Lloyd Wright er ein storkar, som har laga huset nedanfor. Det er bygd oppå ein foss, og vart heitande Fallingwater. Eg trur han også likar hytter i treda. Eg har høyrd om både mannen og huset før, men ikkje fått sett bileter av det. Eg som trudde eg hata materiala han har brukt, fann ut at eg diggar det. Huset - som skulle fungere som feriehus for famailien Edgar Kaufmann - vart gitt i oppdrag allereie i 1934. Det vart ikkje anerkjent som historisk hus, som det no altså er, før i 1968. Eg vil bu her. Det burde ikkje verte umogleg om eg berre giftar meg rett. No trur eg det aller mest er ein rimeleg pop turistattraksjon i morfar sin favorittstat Pennsylvania.




 






Ellers, likar eg dette:


 
                     "Kom! Grab rosa-treet, så køyrer me! Eg har varm havre-melk på termosen, så ikkje tenk på dét."




Friheit, fryd og glede 


Alle bileta frå Anna Wolf


Ingen kommentarer:

Frie ytringar