Sites

fredag, august 06, 2010

tysdag, juli 27, 2010

Den fine videoen

Sommaren har litt igjen. Ta det ut.




Robyn - Hang With Me official video from Robyn on Vimeo.

torsdag, juni 03, 2010

måndag, mai 24, 2010

søndag, mai 23, 2010

søndag, mars 28, 2010

Våren



Medan våren tek springfart i Bergen, må eg reise frå denne vakre, vakre plassen med dei vakre, vakre damene og leite meg fram i duskregnet i Ørsta.


Eg har litt lyst å grine, men så er alt altfor fint til det, så det vert meir noko i kroppen, noko som er litt spent og litt avslappa på ein gong. Når du veit noko kjem, men du veit ikkje kva.


Snart kan ein stå på taka i byen og flagre i vinden, som er varm.Fordi det snart er sommar. 
Ordna ut, bekymringslaus og ventande, til lyden. Då kan alt skje.


onsdag, mars 24, 2010

fredag, mars 19, 2010

måndag, mars 15, 2010

På lesesalen

Eg et skjeve som er toasta slik at den er svart (fordi toastaren vår ikkje er automatisk)(lenger) Og tenkjer at dette får eg kreft av. Slik Karina ville sagt det.
Eg brukar å brenne skjevene mine om morgonen fordi eg ikkje har noko kjensle av kor mykje tid som går. 
Eg mistenkjer sterkt at skjevene mine ikkje er det einaste eg brenn av denne grunnen.
Det vert litt djupt, men eg sit trossalt på eit bibliotek og er, uansett kor mykje eg prøver, ikkje det djupaste her.
Eg daudar litt av kjedsomheit.
Går over lik for å unngå det.
Sender sms eg ikkje vil ha svar på, skapar litt stemning.
Så kan eg sitje her å verte melankolsk fordi eg ikkje burde ha spurt om noko svar.


Slik som resten av folka på deisse radane. Det verste. Kjedsomheit. Eit uendeleg hav av tid, og ting ein ikkje fyller det med.
Alle er så søte og latar som om dei konsentrerar seg.

onsdag, mars 10, 2010

onsdag, mars 03, 2010

fredag, februar 26, 2010

Shall we steal a Cadillac?

 

  

  

  

  

tysdag, februar 16, 2010

Kvardagslege gleder

Idag då eg kom inn i garderoba etter trening, var det ei dame der som raskt prella av seg sko, sokkar, treningsbukse og undik. Naken frå livet og ned leita ho fram ei banan frå bagen og tok til å ete den.
Kanskje det er slik ho brukar å gjere det. Ta av seg på underkroppen, og ete.
Medan resten av garderoba summa og var travel med låsing og festing av fliseklemmer og påfyll av vatn og snyting, hadde ho si vesle stund påkledd frå navlen og opp, med banana si.

Det er noko spesielt med å vere halvt avkledd framfor 8- 10 framande. Eg er ikkje sikker på kva. Eg prøvar å vere enten eller.

Men i damegarderoben er alt lov. På Landås tek alle småbornsmødrene sønene sine med seg inn. Så tassar dei rundt i nettoen med tissen rett opp og peikar på pupper og lår som ikkje tilhøyrer mødrene. Bedårande. Mødrene trur eg hella mot stolte, eg og Mariann var meir usikre på kor me skulle hella.

Igår fekk eg den søkkvåte treningsbuksa til ei søt og ung jente rista i ansiktet.
Ho vart flau, det var vel ikkje heilt meininga. Uttrykket i ansiktet hennar gjorde det verd det for min del. Ho virka ikkje komfortabel med begrepet svette. I alle fall ikkje si eiga. Kanskje fordi ho gjer ein del av det?  Redd folk skal tenke at der e ho, ho som svettar slik. Eller endå verre: Ikkje rart ho svettar, så tjukk som ho er. For ho er gjerne persipering støytande nok i eige ansikt, og at andre må vere i kontakt med den nærast utenkeleg. Eg flira og prøvde meg med "god økt?", og trur for å vere ærleg det berre gjorde det verre.


torsdag, februar 11, 2010

Chet.

 

  

  



laurdag, februar 06, 2010

onsdag, februar 03, 2010

Ikkje gull alt som glimar



Kortfilm? Nei.
Reklame! Eg var sjokkert. Men interessert. Og lurt.

DETTE, var det eg skulle sjå.
Den e så super.

Dei held kjeft, dei.

tysdag, februar 02, 2010

søndag, januar 31, 2010

Dokkebakken

 

Slik ser leiligheita eg har flytta inn i, ut. Eg likar den.
Den er folkeleg og varm. Når me hugsar å sette på ovnane.


  
Stine kom på besøk! Eg vart sjuk, men me fekk oss ei koseleg natt ilag allikevel, og fekk feira 25årsen med god middag, godt lag og god øl.
  
  
Trine, som eg bur med. Ho er ikkje narkoman. Men ho er sjukepleiar-student.
Og heilt herleg.

Me fann ganske raskt ut at det einaste rette ville vere å invitere til komlelag, 
utfordre husmor-skillsa litt. 
Det hadde me godt av. 
Det hadde vennane våre også. 
Me hadde på forklea. Og pynta stova.
  
Så utruleg koseleg


Adskillege timar seinare..
  
  


Dagen derpå vart véret uforskamma bra.
Eg vil tru det var vår forteneste.
 

Frie ytringar