Sites

torsdag, november 05, 2009


Dette er eg og Bendik når me kosar oss.
I ein augneblink av skaparglede smekke eg meg opp med litt blogging.
Det er for mykje å skrive om, for monge bra tema, eg er glad og fornøgd.
Bendik har fyrt i peisen og sett på oppvaskmaskina, eg drikk nypressa kaffi og gløttar over bordet til han som sit og konsentrerar seg om hjerna vår, og det snør og ser litt slik ut, ute:


Det lavar ikkje ned, men det flaksar rundt med kvitt støv og det ryk av pipene rundt oss.
Eg er i Tønsberg på familiebesøk.

Her har eg vore før, og det er like bra kvar gong. Middagen igår vart servert ca 10 min etter ankomst av eldstesyster Mari. Eg og Bendik hadde henta mor Berit på flyplassen etter 16 dagar i Bolivia, og veslelsyster Andrea ville vere med heimatt ein tur. Det var mexikansk gryte og god rødvin, lått og løye og andre sin familie.
Det er kanskje det kjekkaste eg veit.
Min familie har eg også vore innom, men grunna denne meldinga her,;
"Morfar din fekk høyre at du skulle til Oslo og hadde vore sjuk. Han vakna i natt, er redd for at du skal smitte kaja. Hald deg på avstand! Han ville ringe rundt, ej prøvde å roa han og sei at du ikkje skal bo der..... Ha ein fin dag "
ventar eg litt med å sjå det nyaste tilskotet i familia.
Eg og Frode hadde ein god start på friveka mi i oslo uansett, han fyrte i peisen (ein lyt gjere det no i deisse dagar) og eg fekk Kümmel i glaset og etter kvart kom Beck på televisjonen og me lo godt av folk som konsekvent går i full konflikt.


Heidi skreiv ein kjekk blogg her om dagen, som eg forsåvidt har vore borti før i ein annan versjon, då ført i pennen av Haakon. Han skreiv dette:

"Noen jenter, nesten alle jenter huskes også med et voldsomt stort smil. Du som hadde blå genser, sandfargede bukser, ei rompe jeg for alltid vil fantasere om og kjenne igjen på en mils avstand; du som hadde tannregulering, brukte tunga helt annerledes enn noen hadde gjort før og hadde capsen din feil vei, slik at noe av luggen din hang ut og gjorde deg tøff; du som hadde på deg brun høyhalset genser, snudde deg for å smile, snudde for å smile til andre, før du kom til meg og sa tusen takk og såvidt fikk et nervøst kyss; du som hadde rød bukse og ei annen rompe som har foreviget seg inn i utallige guttesinn, riktig nok trente du den på din helt egen måte - noe som fikk meg til å flire og smugkikke, selv om jeg bare måtte få ta på den hvis jeg ville; du som satt ved sida av meg på bussen og lot meg bli veldig kjent med deg, selv om du satt klemt mellom flere - før vi utforsket rom etter rom; du som brukte tannbørsten min; du som brukte tannbørsten min; og så du som nektet å bruke tannbørsten min, deg husker jeg aller best, du er jo faktisk verdens beste - noe du får høre hver eneste dag og vet godt, det håper jeg aldri går over; du som er modigere og tøffere enn samtlige, så pen at ingen argumenterer imot når jeg påstår at du er en soleklar 10'er; deg jeg ikke kjenner noe særlig, men som likevel våger å ligge akkurat der jeg vil at du skal ligge - før du plutselig ser opp på meg og jeg merker at du gråter, og du får meg til å føle meg så som en mann og en god person at jeg ikke våger annet enn å bli det; du som svarer litt tøft og er morsom å irritere, uvitende om at jeg vet det garantert kommer til å gå veien; du som knapt rekker å få i deg tequilaen i baren før du spør og er klar for noen tilfeldig valgte busker. Deg, deg vil jeg alltid vurdere andre mot - du er idealkvinnen."

Så tematikken er med andre ord den vanlege. Fin og flott.


Heidi skreiv dette: "Eg blir alltid forelska i menn som les. På metroen, på kafe og i parken.(...)
Gutar som seier navnet ditt, gutar ein går forbi på gata som luktar godt, gutar som lagar mat, gutar som fiskar, gutar som hogger ved og måker snø, som kan ro båt, som skriv brev og drikk kaffi. Og gutar på sykkel.
Men eg blir aller mest forelska i dei gutane som kjem inn på bussen om morgonen, som er trøtte, med ullgenser. Men det er berre i Norge, der fins det flust av trøtte ullgensergutar."

Haakon er håplaust romantisk. Heidi er jente. Og bur med 3 jenter. Eg er berre forelska.Slik på det generelle plan, og no også litt på det spesielle plan.
Eg vert i alle fall veldig forelska av å tenke på kva eg vert forelska av.








Eg blir forelska i gutar med meir å by på enn dei vil innrømme, gutar som kan smile med augene og berre til deg, gutar som høyrer sjølv om du ikkje får sagt det, gutar som vil andre vel. Eg vert forelska i gutar med tredagars skjegg og bustete hår. Eg vert forelska i gutar som kastar seg over meg og slåss og kavar. I gutar som tek med seg tøfler på fest og ikkje har noko imot å låne dei vekk. I gutar som er interesserte i menneska rundt dei. Eg blir forelska i gutar som tek kontrollen og fiksar opp utan at nokon spurde om det, i gutar som seier mykje med få ord. Eg forelskar meg i han som sit på graset i maisola med bar overkropp og nytetryne, i han som skulle ynskje han var slick men kapitulerar og heller er seg sjølv. I han som brukar doble betydningar og lure smil. Han som omfavnar meg utan grunn, i han som har eit opent ansikt og han som har fregner. I han som sit og flirar for seg sjølv, I han som luktar godt og i han som ringer for å høyre korleis det går når ein er sjuk . I han som joggar med rak rygg. Eg vert forelska i gutar som er modige. I gutar som søv tungt med mjuk hud og puls i halsgropa. Gutar som gjer jobben sin effektivt og sjølvsikkert, gutar som alltid har råd til å smile. Gutar som forsvarar folk dei er glade i mot ting som er kjipt. Gutar som veit at dei er umuliusar og som skulle ynskje dei kunne vere betre, gutar som ikkje er redd for å gi deg alle korta på hand. Gutar som tenkjer på ting som er større enn seg sjølv og gutar som kan noko og vil noko. Eg vert forelska i gutar som er tålmodige, og i gutar som har eit svar. Gutar som er flotte uansett kva dei har på seg og gutar som ler godt.
Det er utruleg vanskeleg å stoppe denne tankerekka. Men det er ein god ting.





Camilla Åkrans og Hedi Slimane har teke bileta ovanfor. Begge er favorittar, og flinke til å ta fine bileter av fine gutar.

Cédric Bihr har teke bileta øverst. Han er ein vinnar.

3 kommentarer:

AstridGV sa...

eg elske at me bestille oppmerksomhet.
er det veslegut du e forelska i?
kjekke bilder. kjentfolk?

Unknown sa...

Kar du teke det frå????
Mor

Helga sa...

Syster: ikkje kjentfolk. forelska i dei fleste som oppfyller eit eller fleire av nemnde kategoriar. dess fleire dess betre. ingenting gale i å bestilla merksemd.
Mor: Eg veit ikkje. kvar tek du det i frå? Spør meg heller kvar eg kjem i frå!

Frie ytringar