Sites

søndag, mars 28, 2010

Våren



Medan våren tek springfart i Bergen, må eg reise frå denne vakre, vakre plassen med dei vakre, vakre damene og leite meg fram i duskregnet i Ørsta.


Eg har litt lyst å grine, men så er alt altfor fint til det, så det vert meir noko i kroppen, noko som er litt spent og litt avslappa på ein gong. Når du veit noko kjem, men du veit ikkje kva.


Snart kan ein stå på taka i byen og flagre i vinden, som er varm.Fordi det snart er sommar. 
Ordna ut, bekymringslaus og ventande, til lyden. Då kan alt skje.


Frie ytringar