Sites

måndag, mars 15, 2010

På lesesalen

Eg et skjeve som er toasta slik at den er svart (fordi toastaren vår ikkje er automatisk)(lenger) Og tenkjer at dette får eg kreft av. Slik Karina ville sagt det.
Eg brukar å brenne skjevene mine om morgonen fordi eg ikkje har noko kjensle av kor mykje tid som går. 
Eg mistenkjer sterkt at skjevene mine ikkje er det einaste eg brenn av denne grunnen.
Det vert litt djupt, men eg sit trossalt på eit bibliotek og er, uansett kor mykje eg prøver, ikkje det djupaste her.
Eg daudar litt av kjedsomheit.
Går over lik for å unngå det.
Sender sms eg ikkje vil ha svar på, skapar litt stemning.
Så kan eg sitje her å verte melankolsk fordi eg ikkje burde ha spurt om noko svar.


Slik som resten av folka på deisse radane. Det verste. Kjedsomheit. Eit uendeleg hav av tid, og ting ein ikkje fyller det med.
Alle er så søte og latar som om dei konsentrerar seg.

Ingen kommentarer:

Frie ytringar